Langtidsplanen for Forsvaret som Høgre/Frp-regjeringa la fram i fjor vår har skapt stor uro og motstand i breie lag av folket. Med god grunn. Senterpartiet er uroa for at langtidsplanen svekkjer koplinga mellom Forsvaret og folket i Noreg. Sentraliseringa og svekkinga av totalforsvaret vil på sikt også svekkje den folkelege støtta til Forsvaret som er naudsynt for å sikre auka løyvingar til Forsvaret. 

I langtidsplanen  nyttar ein store summar på å byggje ned kapasitet ein stad, for så å byggje opp tilsvarande ein annan stad, utan at det gir auka kampkraft. Ved å leggje ned Andøya flystasjon legg ein ned naudsynt infrastruktur for norske og allierte operasjonar i krise og væpna konflikt. Noregs evne til å ta mot allierte forsterkingar i Nord blir svekka. Nedlegginga øydelegg både for operativ evne og lokalsamfunn som har tilpassa seg Forsvaret sine behov. Ikkje nok med det. Kostnadsoverslaga ser vi allereie har sprukke og mykje tydar på at nedlegginga av Andøya flystasjon kan påføre Forsvaret store ekstrakostnadar.

SAKEN FORTSETTER UNDER ANNONSEN  

 

Flyttinga av Hæren sine helikopter og avviklinga av den splitter nye hovudbasen for helikopter på Bardufoss er eit anna døme på avgjerder som gir Forsvaret langt mindre kampkraft for pengane. Under si tale i Oslo Militære Samfund 2. februar 2016 slo Odin Johannessen, sjef Hæren, fast: «En hær uten helikopter er en hær som ikkje er i stand til å ivareta sine taktiske oppgaver». Alle våre allierte i Nato har helikopter knytt til si hærstyrke. Dei rekna innsparingane er i beste fall tvilsame. Dette er ein politikk Senterpartiet ikkje kan støtte.

Eit breitt fleirtal på Stortinget har vedteke  ei viktig investering i nye kampfly.   Høgre si marknadsliberalistiske tenking og tru på utflytting av arbeidsoppgåver over landegrenser går faktisk så langt at dei no vil gje Italia ansvaret for vedlikehald av det norske forsvaret sine kampfly. I ein akutt krisesituasjon vil Noreg dermed ikkje ha kapasitet til å gjennomføre tyngre vedlikehald på flya. I krig vil sjølvsagt kvart enkelt land prioritere å vedlikehalde eigne fly først. 

Dei nye F-35 flya er den største investeringa Forsvaret nokon gong har gjort. Noreg vil nytte nær 200 milliardar kroner på å drifte flya i løpet av levetida deira. Å gje større del av dette oppdraget til norske selskap vil ikkje berre sikre ein langt betre beredskap, det vil også gje store ringverknader for kompetanse og arbeidsplassar i Noreg. Det er viktig at Noreg held vedlikehald som er vesentleg for nasjonal beredskap på nasjonale hender. Storbritannia og Nederland vil halde alt ordinært vedlikehald nasjonalt. Det kan også Noreg gjere.

Riksrevisjonen har nyleg avdekka at verken Forsvaret eller politiet er i stand til å sikre objekt på ein tilstrekkeleg måte under ei krise. Under høyringa om denne saka på Stortinget slo sjef for Heimevernet, Tor Rune Raabye, fast at han ikkje hadde ressursane han treng for å løyse sitt oppdrag. I ein situasjon der Noreg treng fleire soldatar, vel Høgre og Frp å gjere det motsette. Dei svekkjer Heimevernet ved å redusere talet på HV-soldatar med 7000 til 38 000 og legg ned Sjøheimevernet. Det blir færre soldatar med lokalkunnskap som kan sikre tryggleiken for folk der dei bur, både i fred, kriser eller krig. Samstundes vert koplinga mellom Forsvaret og det sivile samfunnet svakare. Senterpartiet ser HV som ein vesentleg del av det framtidige forsvaret og har programfesta å auke tal soldatar i HV-styrken til 50 000, oppretthalde HV-11 og Sjøheimevernet.

SAKEN FORTSETTER UNDER ANNONSEN  

 

Den største mangelen ved langtidsplanen er likevel at den ikkje inneheld ein langtidsplan for Hæren og Heimevernet. Like fullt veit me at dei økonomiske råmene for Hæren og Heimevernet er for svake. Sjef for Hæren, Odin Johannessen, konkluderte i DN 28. juni: «Dersom de økonomiske rammene for utviklingen av landmakten blir stående, fører de til en de facto nedprioritering av Hæren og Heimevernet, og en dreining bort fra et balansert forsvar.»

Nedprioriteringa av Hæren får fleire konsekvensar. Ei av dei er at talet på verva soldatar i Telemark bataljon på Rena leir kan bli halvert. Ei anna er at inntaket av vernepliktige vert redusert. Færre norske borgarar får trening i og ansvar for å tryggje landet sitt. Verneplikta utgjer basisen i folkeforsvaret. Å svekke den vil på sikt svekke forsvaret si forankring i folket. Regjeringa legg fram Landmaktutgreiinga først etter valet i håp om å unngå forsvarsdebatten i valkampen. Det bør dei ikkje lukkast med.

Liv Signe NavarseteLiv Signe Navarsete, Utanriks- og forsvarspolitisk talskvinne for SenterpartietSenterpartiet vil sikre eit forsvar med tilstrekkeleg finansiering som kan ta vare på våre verdiar og trygge Noreg, og samstundes bidreg til arbeidsplassar og verdiskaping over heile landet. Då må ein prioritere vesentleg annleis enn dagens regjering.

Liv Signe Navarsete,Utanriks- og forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet

Sigbjørn Gjelsvik, Stortingskandidat for Senterpartiet

Les flere leserinnlegg og lokale nyheter fra Aure og Smøla i papirutgaven av Nordvestnytt. 

Abonnerer du ikke på papirutgaven? 
Trykk her for å bestille!

Du kan også kjøpe papirutgaven som eAvis ved å klikke her